fredag 14. desember 2012

Kjære utvekslingsstudent

Desember er ikkje månaden for shorts og flipp-flopper, i grunnen er ikkje januar, februar, mars eller april det heller, så begge deler kan du med fordel gøyme bakerst i skapet fram til mai/juni.

Eg forstår at dette kan vere forvirrende, men det at det er sol betyr ikkje at det er varmt her i dette landet. Neste gang det er strålande sol og du tenker å ta på deg shorts foreslår eg at du kikker ut vindauget. Dersom plenen ikkje er grønn men derimot har fått eit kvitt og glinsende lag over seg (slik som var tilfelle i går) foreslår eg at du lar shortsen ligge...

Ingen kommentarer: