I fire år har eg forsvart dykk når studentar har okka seg over den ustanselige tromminga dykkar. I fire år har eg hevda at slikt må ein tole skal ein studere i Bergen. Bergensk tradisjon tuller ein ikkje med har eg sagt til dei. Vil dei bergenske unge tromme, ja så la dei tromme, ingen student utenbys fra har rett til å seie noko anna.
Frå og med i dag er det slutt på denne støtta. Frå og med i dag vil eg ikkje lenger ta dykkar side. Eg vil forholde meg passiv og stille når temaet buekorps kjem på banen. Eg vil kanskje til og med nikke gjenkjennande og einig når det blir hevda at ideen om ein gjeng gutar som marsjerer medan dei slår på skarprommer må kome fra ein stad der pepperen gror. De har mista ein støttespiller i dag.
De har dykk sjølv å takke.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar