lørdag 5. februar 2011


Kjære, kjære nabo.
Eg er glad i musikk, og tykkjer det er fint at du vil øve på Fader Jakob ein laurdag morgon. 
Likevel vil eg berre gje deg eit bittelite tips angåande biten med "hører du en klokke, hører du en klokke". Prøv å starte på ein G i staden for F. Då slepp å du spele den så veldig mange, mange gonger for å høyre om det er rett. Det vil ikkje høyres heilt rett ut uansett kor mange gonger prøver, når du starter i F der. (I alle fall ikkje så lenge du speler songen i C.) Berre eit lite tips. 
For nabotrivsel, fred i verda og slike ting.

Ingen kommentarer: