fredag 3. desember 2010

Det er rart korleis så mykje blir veldig viktig å få gjort så snart ein set seg ned og skal lese til eksamen. I dag har eg til dømes fjerna støv frå tastaturet mitt. Ein skikkelig hastesak var det. Eg har dessutan kjøpt den første julepresangen. Julehandelen er jo viktig å kome i gang med må du forstå, mykje viktigare enn eksamen. Berre så synd at gåva som vart kjøpt var til meg sjølv (og blir kalla gåve berre for å rettferdiggjere for meg sjølv at eg brukte så mange pengar no når eg eigentleg absolutt ikkje har råd til det). Uansett, den fjerde mars skal eg på KAIZERS ORCHESTRA! Eg gler meg!!! :D

1 kommentar:

livilaiv sa...

æsj... denne skulle jo på min blogg jo... jajaja, så lite aktivitet som det er her så gjer det kan hende ikkje så mykje at den havna her og...