torsdag 30. september 2010

Observert på veg til Dragefjell;
jente går frå Dragefjell med type klikk-klakk-sko. Ikkje unormalt å sjå det (eller å høyre det). Rett bak jenta kjem det gåande ei gammal dame. Ei søt gammal dame. Med fingrane i øyrene. Type eg-er-tri-år-og-vil-ikkje-høyre-på-deg-fingrar-i-øyrene. Og så seier ho fyrst med normal stemme "Kan du prøve å gå litt stillere?", medan ho ser intenst på jenta. Ingen reaksjon frå klikke-jenta. Då går den gamle dama raskt opp ved sida av jenta, og seier med ikkje fullt så normal stemme: "KAN DU GÅ LITT S-T-I-L-L-E-R-E?", fortsatt med eit intenst blikk på jenta. Jenta stopper opp eit halvt sekund, litt forvirra kanskje, og seier "Ehm, jeg skal prøve..." Og går vidare lett på tå, så hælen ikkje kjem nedi. Dama mumlar lettare irritert for seg sjølv, fortstatt med fingrane i øyra "Det gikk ikkje an å høre noen ting i sted, det bråkte sånn når du gikk, jente... Men no var det bedre."

5 kommentarer:

frunnes sa...

e' ditte sant? finne bare på ting du. det e juks det.

Ragnhild sa...

Det e heilt sant. Ein smått absurd opplevelse;)

Ingrid sa...

Hihi, ska passe meg for eldre fruer i fremtiden.

Pocahontas sa...

Fantastisk, men så er det jo faktisk sånn at hvis dette var midt på dagen og jentemennesket skulle på en lesesal så var det bittelitt på sin plass at hu fikk høre det.. syns jeg... *omforladels*

Ragnhild sa...

Ja, det e best å passa på;) Kanskje me ska sy pute onna hælane, så blir det jafall lydlaust, om ikkje vakkert.

Det va på ittemiddagen, og jentå va på vei heim fra lesesalen (i alle fall fra Dragefjell) - men litt klikking på lesesalen e det ingen som reagere på her, trur eg. Og guttane klikk-klakke egentlig verst (dessverre)...;)