torsdag 2. september 2010

min erfaring er at det alltid er kjekkare å fokusere på det som er bra enn å henge seg opp i det som er leit. Derfor har eg ikkje tenkt å nevne at kneet mitt gjer vondt sånn at eg ikkje kan klatre, eller at kjærasten har tenkt å vere i Hugesund heile neste veke (nesten), eller klage over kor kjedelig det er å lese organisk kjemi, men heller liste opp ein del fine ting med dagen i dag:
1. vi hadde kaffi i hus i dag tidlig
2. det er finfint med ein kjærast som kjem og ete lunsj med meg på universitetet
3. det er enda finere at han spanderer is på bryggen i sola
4. eg har to flotte sambuarar

livet er ikkje så verst, tross alt

3 kommentarer:

livilaiv sa...

For ikkje å snakke om den flotte naboen du har...

Hilde sa...

ja, ho gløymde eg visst i farten. Beklager det:

5. eg har ein flott nabo

Denne lista kan nok stadig utvidast, og innspel mottas med takk :)

livilaiv sa...

:D