"Har du noko flytande i veska di" spurde den strame vakta som delte ut gjennomsiktige plastposar ved sikkerhetskontrollen på flesland. "Nei" svara eg og byrja å snirkla meg framover mot kontrollen. På vegen kom eg til å tenke på skinkeosten som låg saman med brødskivene i veska mi. Då eg kom fram til den kjekke og unge vakta som skulle sende veska mi gjennom, måtte eg difor på spørsmål om eg hadde noko flytande tilstå.
"Eg har ein skinkeost" sa eg uskulig, "er det å rekne som flytande?"
"slik på tube" spurde den kjekke vakta, "kor stor?"
Eg tok opp posen med brødskive og skinkeost og gav den til han. Den unge og kjekke vakta studerte tuben grundig "175 ml" sa han. "den er nok for stor så eg må nok kaste den for deg"
eg flirte og klarte ikkje la vere å spørre "men om eg hadde tatt osten på skivene mine før eg kom til kontrollen så hadde det gått bra hadde det ikkje?"
3 kommentarer:
så kjekt med kjekke vaktar
kva sa han dååå?
episk!!
Legg inn en kommentar