Klokka er 07.15 og eg vakner av alarmen på mobilen. Litt forvirra skrur eg han av. Kvifor har ikkje klokkeradioen min begynt å lyse og prate? Ein rask kikk på klokka og routeren viser at alt er dødt. ingenting lyser eller lager lyder. Kikken viser og at kontakta står i, så problemet er ikkje at eg har drege den ut i rein frustrasjon i søvne. Min fantastiske morgonlogikk konkluderer då med at straumen har gått. Tankerekka vidare fører meg til ein datalesesal på skulen (slik planen var) utan straum. Lite hensiktsmessig. Fornufta mi kjem då ikkje til noko anna løysing enn at her kan ein like godt legge seg ned og draume vidare om arveoppgjer, mystiske krabbeinvasjoner og ukjende og ufordragelige kusiner. Som tenkt, så gjort.
Når eg så vaknar to timar seinare innser eg ganske snart at straumen etter alt sannsyn ikkje har gått overe heile Bergen (slik logikken min tilsa 07.15). I alle fall ikkje utan at feilen er retta opp innan klokka ni.
Det demrer for meg at eg har tidenes mest ustabile sikringer...
3 kommentarer:
hehe. morgonlogikk er ikkje som annan logikk ;)
Hehe... Bra å høra at det e andre og som ikkje alltid tenke liga logisk&langt tidlig om morningen.
PS: Konkurransen vår hjalp. Eg kom meg tidlig opp i dag, ene og alene for det at eg hadde to poeng i sikte... (Og for det at eg hadde ei arbgr.oppgave å skriva.)
Godt det funka for nåken då vaffal... eg sitte nemlig fortsatt heima i sofaen med kaffikoppen :S
Legg inn en kommentar