tirsdag 13. april 2010

Her ein dag kjøpte eg to kaffikoppar, som skulle vere gåve til to ulike personar. På koppane var det to veldig forskjellige motiv og tekst, som passte veldig godt til den som skulle få koppen. I kassa spør ho som står der om ho skulle pakke inn, og det hadde jo vore fint om ho ville det. Men det skulle vise seg at det å pakke inn to krus ikkje var så lett, det tok si tid og ikkje minst sin teip... Etter 20 minutt var ho endeleg ferdig, men ho stussa litt i det ho la pakkane opp i posen. Så seier ho på veldig bergensk "Ehm, viss eg ikkje tar heeeeeelt feil, så e det altså den med "You've got a message" på, som e i den røde pakken... Tror eg...". Tusen millionar takk, kjære butikkjente, for at du brukte 20 minutt og mengder med teip på å pakke inn to pakkar som me måtte pakke opp igjen med ein gong me kom heim.

Ingen kommentarer: