FredagsLivGrete har helg. Eigentlig skulle ho stå opp klokka 8 og vere på skulen innan klokka ni.
Når ho vakna av vekkerklokka klokka 8 hadde ikkje Fredagslivgrete lyst å stå opp. Ho stilte klokka ein halvtime fram (trudde ho) og tenkte, ein halvtime til fortener eg å sove, det går bra.
klokka ti vakna FredagsLivGrete litt lettere forvira. Kvifor ringte ikkje klokka halv ni? Jaja, ikkje så mykje å gjere med no, tenkte ho og snudde seg rundt i senga. Når ho først hadde sove til 10 kunne ho like gjerne sove litt til. Det er berre rein logikk.
Kvart over 11 innsåg til og med FredagsLivGrete at det var på tide å stå opp. Etter å ha vaska og rydda litt tenkte ho at ho kanskje skulle få gjort litt skulearbeid. Det er difor ho no sit på Glede og Fred og skriv om kor håplaus ho er...
ti over halv tre på ein fredag... kvalifiserer ikkje det til helg det?
1 kommentar:
..trodde hele fredagen var del av helga jeg.. hmm..
Legg inn en kommentar